mandag 21. november 2011

Eit lys i mørket


Det første ein legg merke til på eit bilete, kalles denotasjonen, altså det objektive i bilete. I dette bilete er denotasjonen personen som står på kanten av høgda.

Dette bilete har to betydingar, ein positiv og ein negativ.  Likevel kan det ha fleire tolkingar (konnotasjonar). Viss ein ser det frå den positive sida, kan ein tenkje seg at jenta strekk seg mot sola som skin bak horisonten.  Dersom ein ser på bilete frå den negative sida, har det ein heilt anna betyding. Jenta er kanskje trist og vil berre hoppe frå kanten. Her betyr også sola noe heilt anna. Ein kan tolke det som at ho ser lyset, på ein overtruisk måte. Ved å hoppe frå kanten vil ho kanskje få eit betre liv, for ho ser lyset. Det er også ein kontrast her, mellom det lyse og det mørke. På botn er det mørkt, mens på toppen av bilete er det lyse fargar.

Skuggen som trekk seg frå jentas føter mot botnen av bilete, kan symbolisere livets lange veg. Ho har nådd ein fase i livet der noe må endrast.

Vi val å bruke normalperspektiv, fordi vi ville vise at jenta er hovudobjektet.  
Budskapet til bilete vårt er at det finnes alltid eit lys, og alltid eit håp, ein må berre finne det!


Modell: Sandra Bertelli
Fotograf: Oda-Mari Corneliussen

6 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Eg lurer på korleis du klarte å ta dette bilete, men utruleg bra skrive og du hadde eit nydeleg bilete! Bra jobba Bøgga!!!

    SvarSlett
  3. Bilete her likte eg utruleg godt. Det at bilete kan tolkes på forskjellige måtar er ganske bra. At ein kan tenke sjølv om korleis ein vil at bilete skal vere, enten positive tolkningar eller negative. Eg liker å tenke at personen på bilete er midt i ein fase, der ho må ta eit val. Men ein kan også tenke at ho er redd og kanskje har tenkt å hoppe fra kanten av stupet. Beskrivelsene fra bilete var fine, eg tenkte mykje av det samme når eg såg bilete.

    SvarSlett
  4. Hei! Eg ville bare seie tusen takk for responsen dykk har gitt meg. Det sett eg stor pris på! :-)

    SvarSlett